TENESTER
Drift og vedlikehald
Hywer har lang erfaring frå drift og vedlikehald av kraftverk og tilbyr eit bredt spekter av tenester. Vi bistår uansett om kunden berre ønskjer jamlege inspeksjonar og vedlikehald av kraftverket, eller om dei i tillegg ønskjer drift og overvaking av produksjonen. Vi utfører òg montasjearbeid på inntak, i vassvegar og ved kraftstasjonen og har eit stort nettverk av kompetente servicefolk over heile landet, i tillegg til eigne tilsette.
Driftsavtale med Hywer
Vi tilbyr full overvaking og dokumentasjonshandtering for kraftverk over heile landet, med Hywer sin utvida versjon av overvakingssystemet DK Kraft.
Sikkerheit i driftsfasen
Hywer leverer og monterer løysingar for god og sikker tilkomst på anlegget, både ute og inne. Vi kan òg utføre vurdering av risiko for sikkerheita til tredjepartar på anlegget, med tilhøyrande sikring og skilting.
Montasje
Ved montasje har vi god erfaring med å levere ferdig samanstilte og funksjonstesta inntakseiningar rett på anlegg. Dette minskar risikoen for feilmontasje og gir god kontroll på alle smådelar. Dette forenklar jobben ute på anlegget og er svært tids- og kostnadssparande. Vi monterer luker, både i eige design og frå andre leverandørar, og ventilar i alle dimensjonar. For at ein skal unngå funksjonssvikt og uføresette stoppar, krev utstyret riktig montasje, systemtesting og ettersyn. Vi leverer dei mekaniske komponentane ferdig oppkopla, testa og operative, inklusive hydrauliske, elektriske og manuelle delar.
Driftsavtale med Hywer inkluderer blant anna
- Full digital overvaking
- Full oversikt på alle vesentlege komponentar
- SMS-alarmer med eit tastetrykk
- Rapportering av produsert straum
- VTA tenester og myndigheitsrapportering NVE
IK Vassdrag, og oppfølging av lovpålagte tilsyn - Beredskapsplanar og krisehandtering
- Årleg synfaring på vassveg og rapport med utbetringsforslag
- Service på turbin og hydraulikksystem
- Vikarteneste ved ferie / sjukdom etc.
- Teknisk drift av vassveg / mekanisk
- Planlagt vedlikehald inntak og dam, inkl. minstevassføring
- Planlagt vedlikehald stasjon inkl. brannsikkerheit
- Dokumenthandtering / delelister hardware
- Logistikk / framskaffe deler ved behov (lagerføring av forbruks deler)
- Prosjektering og fabrikasjon av nye deler ved behov
Montering av ventil på Stakaldefossen kraftverk i Sunnfjord.