Tryggleik og tillit
Rune Skjevdal står fram som ein roleg og avslappa person. Ikledd jeans og ei oransje skjorte inviterer han oss inn på kontoret – eit noko anonymt kontor, men Rune er alt anna enn anonym hos Hywer. Her er han gloande oppteken av å byggje ein kultur med stor takhøgde, brei kunnskap og ein stå-på-vilje hos kollegaene sine.
Og sjølv om vi er her for å bli kjente med Rune, er han rask til å trekke fram og skryte av dei andre rundt seg.
– Det som inspirerer meg i kvardagen, er dyktige kollegaer, fortel Rune.
– Det er jo gøy å jobbe saman med dyktige folk, kunne ha det gøy saman på jobb, løyse store og små problem og ta store og små sigrar og tap.
Det er ein tryggleik og ei ro i stemma når han deler tankane sine om både arbeidsliv og familie. Sjølv om han er lågmælt og roleg i veremåten, gestikulerer han med armane når han blir engasjert, og det lure smilet er aldri langt unna.
Og når det er noko som verkeleg engasjerer Rune, er det som om han samlar tankane ein stad utanfor vindauget før han snur seg tilbake med eit gjennomtenkt og velformulert svar.
– Tillit er noko som blir bygd millimeter for millimeter, men kan rivast i meter, fortel Rune.
Det er tydeleg at dette er noko han har erfaring med.
Av samarbeidspartnarar og kollegaer har han tidlegare vorte kalla ein «kontinuitetsberar» og meiner sjølv at å byggje tillit har vore ein nøkkelfaktor. Å vere ein kontinuitetsberar inneber å vere ei stabil kraft, ein person som har erfaring og kunnskap om bransjen, og som kan leie organisasjonen med langtidsperspektiv og tryggleik.
– Tillit er òg knytt til omdømme, og eit dårleg rykte kan vere vanskeleg å reparere. Difor er det ekstra viktig å bevare den tilliten som er bygd opp gjennom år med kontinuerleg arbeid og engasjement, seier Rune.