Samfunn og miljø
Nærleik til naturen og friluftsaktivitetar
Frå sentrum er det eit eldorado av fjelltoppar og stinett tilgjengeleg, både korte ettermiddagsturar til turmål som Jarstadheia, Jyttelshogen og Grøneholten og lengre turar til spektakulære fjelltoppar som Helleberget, Kringla og Storehesten. Uansett fjell er du garantert storslått natur og vakker utsikt til fjord, hav og ville fossar. Om sommaren er det lite som slår å sykle på dei lite trafikkerte vegane som snirklar seg langs fjordane eller padle kajakk ut til Laukelandsfossen. Det er òg eit fint skiteterreng rundt Dale, både for langrenn, topptur og fjellski. Kystklimaet gjer rett nok at vinteren kan vere kort. Vegen er likevel ikkje lang til dei snørike fjella i Jølster eller Gaularfjellet, der skisesongen varer til ut på våren. Langeland skistadion byr på flotte langrennsløyper ein halvtimes køyretur unna Dale.
Nærleik til idrett
I Dale er det ei sterk idrettsånd med gode fotball- og handballag. Dale IL tilbyr lagtreningar innan badminton, volleyball, sykling, klatring, friidrett og kampsport, i tillegg til gruppetimar og styrkerom. Private aktørar arrangerer yogatimer, sirkeltrening, løpetrening og lokale løp, og på Hauglandssenteret i Flekke er det svømmeundervisning.