I tråd med strategien
I Hywer er vi opptatt av å bygge ein organisasjon med langtidsperspektiv, og samtidig i tråd med ein av våre fleire verdiar skal vi være kompetente. Det er derfor vi no tar steget med å utvide med endå ei avdeling i Hywer.
Den nye elektroavdelinga i Hywer vil gjere oss endå meir rusta for framtidas elektrifisering og sikre endå meir eigenkontroll.
Hywer har fått med seg Peder Ekrem som avdelingsleiar for den nye avdelinga, og med seg på laget har han fått Kenneth Stensrud og Tor Inge Jørandli. Dei har for tida ein sentral base med utspring frå Gjøvik, men tar på seg oppdrag over heile landet.
Med ei ny avdeling som er kommen i drift, og desse tre på laget har Hywer allereie utført fleire oppdrag utover det som tidlegare ikkje kunne vore utført i egen regi.
Dette er i første omgang, men vi ser allereie med kompetansen vi no innehar og med dei ulike typar oppdrag og jobbar vi kan gjennomføre, at det fort kan være behov for å sjå etter fleire kollegaer.
Ta gjerne kontakt med oss, eller sjå nærare kva vi kan tilby på elektro sine sider: