Krafta i kunnskap

Hywer er ei historie om kraft. Ikkje berre krafta i vatn, men krafta i folk. Det er ei historie om kunnskap, erfaring og viljen til alltid å finne betre løysingar. For kundane våre. Og naturen rundt oss.

Produkta og tenestene våre

Vassvegs­komponentar

Hywer produserer og leverer skreddarsydde komponentar og standardkomponentar for å byggje eller oppgradere vasskraftverk. Med eit omfattande nettverk av samarbeidspartnarar sikrar vi den optimale løysinga for kvart prosjekt. Vi strevar etter å tilby rett kvalitet til rett pris til avtalt tid kvar dag.

Utbygging

Hywer har lang erfaring med utbygging av nøkkelferdige vasskraftverk og har levert over 80 komplette kraftverk. Vi leverer til små og store kundar og har erfaring både frå nybygg og rehabilitering. Hywer tek ansvar for prosjektet gjennom alle nødvendige fasar – frå konsesjon, gjennom tekniske planar og til utbygging.

Prosjektering

Hywer har engasjerte og dyktige ingeniørar som lagar løysingar til alle leveransane og prosjekta våre. Ingeniørane våre gjer all nødvendig prosjektering frå utvikling av prosjekt til produksjon av delar og bygging av prosjekt.

Boring og foring

Hywer har maskinar for å realisere prosjekt der det er nødvendig å etablere vassveg i fjell. Som eit alternativ til konvensjonell driving av tunnel kan retningsstyrt boring eller bruk av tunnelboremaskin (TBM) vere gode alternative løysingar. Hywer har ein borerigg for retningsstyrt boring, ein TBM og ein skyverigg for å skyve stålrør.

Drift og vedlikehald

Hywer har utvikla eit digitalt system for drift, overvaking og loggføring av blant anna produksjon, minstevassføring, årleg kontroll og service. Systemet kan monterast på alle anlegg, både gamle og nye. Hywer sine montørar har brei erfaring med drift, montasje og vedlikehald og har både elektrisk og mekanisk kompetanse.

Produkta og tenestene våre

  • Vassvegs­komponentar

    Hywer produserer og leverer skreddarsydde komponentar og standardkomponentar for å byggje eller oppgradere vasskraftverk. Med eit omfattande nettverk av samarbeidspartnarar sikrar vi den optimale løysinga for kvart prosjekt. Vi strevar etter å tilby rett kvalitet til rett pris til avtalt tid kvar dag.

  • Utbygging

    Hywer har lang erfaring med utbygging av nøkkelferdige vasskraftverk og har levert over 80 komplette kraftverk. Vi leverer til små og store kundar og har erfaring både frå nybygg og rehabilitering. Hywer tek ansvar for prosjektet gjennom alle nødvendige fasar – frå konsesjon, gjennom tekniske planar og til utbygging.

  • Prosjektering

    Hywer har engasjerte og dyktige ingeniørar som lagar løysingar til alle leveransane og prosjekta våre. Ingeniørane våre gjer all nødvendig prosjektering frå utvikling av prosjekt til produksjon av delar og bygging av prosjekt.

  • Boring og foring

    Hywer har maskinar for å realisere prosjekt der det er nødvendig å etablere vassveg i fjell. Som eit alternativ til konvensjonell driving av tunnel kan retningsstyrt boring eller bruk av tunnelboremaskin (TBM) vere gode alternative løysingar. Hywer har ein borerigg for retningsstyrt boring, ein TBM og ein skyverigg for å skyve stålrør.

  • Drift og vedlikehald

    Hywer har utvikla eit digitalt system for drift, overvaking og loggføring av blant anna produksjon, minstevassføring, årleg kontroll og service. Systemet kan monterast på alle anlegg, både gamle og nye. Hywer sine montørar har brei erfaring med drift, montasje og vedlikehald og har både elektrisk og mekanisk kompetanse.

Karriere

Jobbe i Hywer?

I Hywer er ingen prosjekt like. Vi jobbar med alt frå enkeltleveransar av vassvegsutstyr og rehabiliteringsoppdrag, til totalansvar for større, komplekse prosjekt.

Er du engasjert og komfortabel med å utfordre etablerte måtar å jobbe på vil du passe godt inn hos oss.

Med hovedkontor i Dale har Hywer en lokasjon med nærleik til næringsliv, natur, idrett og kultur.