Vassvegskomponentar

Rør

Hywer har lang erfaring med rørleveransar til kraftverksprosjekt og samarbeider tett med underleverandørane våre, slik at vi til kvar tid har oppdatert produktkunnskap om ulike rørtypar. Det betyr at vi kan tilpasse løysingar til kunden sitt behov og tilby alternativ der dette er aktuelt.

Duktile støypejernsrør

Typiske bruksområde for duktile støypejernsrør er for middels og høge trykk i dimensjon til og med DN2000. Rør vert produserte i lengder på 6–8 meter for trykk på opp til 100 bar, avhengig av dimensjon.

Kvart rør har muffe i den eine enden med pakning. Muffene tillèt avvinkling, slik at rørgata kan vere i kurve. I tillegg finst det muffer med låsesystem som gir ein strekkfast rørstreng for bruk i bratt terreng.

Rør kan leverast med ulik korrosjonsbeskyttelse og kan brukast både nedgravd i grøft og montert på fundamentet. Det finst eit breitt sortiment med tilbehøyr som bend, inspeksjonar og overgangar.

GRP-rør

Typiske bruksområde er for låge og middels trykk i dimensjon til og med DN4000. Rør vert produserte i lengder på 6 eller 12 meter for trykk på opp til 32 bar. Andre lengder kan produserast på førespurnad.

Kvart rør har muffe i den eine enden med pakning. Muffene tillèt avvinkling slik at rørgata kan vere i kurve. For trykk på til og med 16 bar kan rør leverast med ei tillaten avvinkling på inntil 3 grader. Elles er avvinkling avhengig av dimensjon og trykk.

Rør kan brukast både nedgravd i grøft og montert på fundament. Det finst eit breitt sortiment med tilbehøyr som bend i alle vinklar, inspeksjonar og dimensjonsovergangar.

PE-rør

Typisk bruksområde er for låge trykk i dimensjon til og med DN2000. Rør vert produserte i lengder på 12 eller 18 meter med trykk på opp til ca. 12 bar. Rør kan produserast i andre lengder – og for transport som lange sjøslep på inntil 500 meter.

Rør vert sveiste saman med sveisemaskin eller elektromuffe. Rørstrengar kan tillate liten radius og kan vere i kurve, og røra er normalt brukt nedgravd i grøft. Materialet endrar lengde etter temperatur, og rørstrengar må difor forankrast eller byggast for å tillate lengdeendringar.

Oppgitt diameter er utvendig, og netto opning kan vere betydeleg mindre. PE-rør som turbinrør gir eit strekkfast rørsystem som er fleksibelt både ved installasjon og bruk.

Stålrør

Typiske bruksområde er i alle trykklassar og alle dimensjonar. Rør vert produserte i 12 meters lengder – andre lengder kan produserast på førespurnad. Stålrør er eit samleomgrep, og rør vert produserte i svært mange ulike kvalitetar, typisk S235, S355, AISI304 og AISI316.

Kva kvalitet ein bør velje, er avhengig av bruksområde. Rør kan leverast ubehandla, overflatebehandla eller som rustfrie. Røra kan typisk brukast nedgravd i grøft, som foringsrør i borehol eller montert på fundament.

Enkeltrør vert vanlegvis sveiste saman, men kan òg flensast. Det kan produserast tilhøyrande deler i alle former og for alle trykk. Sjå eigen artikkel om stålkonstruksjonar.

Koplingar

Koplingar er for ulike bruksområde som glidemuffer, flensar og sveisemuffer for alle trykklassar og alle dimensjonar. For kopling mellom rør i låge trykklassar ved inntak brukast ofte fleksible koplingar. Til andre bruksområde og trykk tilbyr vi stålkoplingar. Alle koplingar er dimensjonerte i henhold til NVE sitt regelverk. Koplingar kan leverast både som rustfrie og med overflate i epoksy.

Kontakt oss

Vi diskuterer gjerne tekniske løysingar for dei ulike vassvegane, anten det er kostnad, kvalitet eller klimagassutslepp som er førande for prosjektet.

Ståle Haugen

Ingeniør, Sal og Leveranse

97 66 05 59
stale.haugen@hywer.no