Drift, montasje og vedlikehald

Hywer har lang erfaring frå drift og vedlikehald av kraftverk og tilbyr eit bredt spekter av tenester. Vi bistår uansett om kunden berre ønskjer jamlege inspeksjonar og vedlikehald av kraftverket, eller om dei i tillegg ønskjer drift og overvaking av produksjonen. Vi utfører òg montasjearbeid på inntak, i vassvegar og ved kraftstasjonen og har eit stort nettverk av kompetente servicefolk over heile landet, i tillegg til eigne tilsette.

Driftsavtale med Hywer

Vi tilbyr full overvaking og dokumentasjonshandtering for kraftverk over heile landet, med Hywer sin utvida versjon av overvakingssystemet DK Kraft.

Sikkerheit i driftsfasen

Hywer leverer og monterer løysingar for god og sikker tilkomst på anlegget, både ute og inne. Vi kan òg utføre vurdering av risiko for sikkerheita til tredjepartar på anlegget, med tilhøyrande sikring og skilting.

Montasje

Ved montasje har vi god erfaring med å levere ferdig samanstilte og funksjonstesta inntakseiningar rett på anlegg. Dette minskar risikoen for feilmontasje og gir god kontroll på alle smådelar. Dette forenklar jobben ute på anlegget og er svært tids- og kostnadssparande. Vi monterer luker, både i eige design og frå andre leverandørar, og ventilar i alle dimensjonar. For at ein skal unngå funksjonssvikt og uføresette stoppar, krev utstyret riktig montasje, systemtesting og ettersyn. Vi leverer dei mekaniske komponentane ferdig oppkopla, testa og operative, inklusive hydrauliske, elektriske og manuelle delar.

Montering av ventil på Stakaldefossen kraftverk i Sunnfjord.

dreiespjeldventil

Kontaktpersonar

Kontakt oss ved spørsmål om vedlikehald.

Jan-Helge Solheim

Avdelingsleiar Drift, Montasje og VDL

95 88 69 45
jan.helge.solheim@hywer.no