Tok ein sjanse på Dale
– Vi kunne eigentleg ha halde fram i dei jobbane vi hadde, då vi flytta heim til Noreg, men både Marie og eg var interesserte i å flytte vekk frå Oslo. Då det opna seg ei spennande moglegheit i Dale, var det berre å gripe den moglegheita, fortel Bjarte Seim.
Han er avdelingsleiar for prosjektering hos Hywer og flytta til Dale med sambuaren Marie og to barn i 2017. I mellomtida har dei fått endå eit tilskot til familien – og i skrivande stund er fjerdemann rett rundt hjørnet.
Bjarte er frå Vinderen i Oslo, men flytta til Trondheim og starta eit studium på NTNU. Han trekker fram det fagleg sterke universitetsmiljøet og eit svært godt studentmiljø som fordelar med NTNU. Det var òg her han trefte Marie.
– Det var mykje studiar, men òg mykje sosialt. Det vart nokon turar innom Samfundet, smiler Bjarte.
Frå Trondheim til utlandet – og tilbake
Sidan både Bjarte og Marie er eventyrlystne og uredde, tok det ikkje mange år før turen gjekk utanlands. Aller først til Georgia, der dei hadde ansvaret for førebuande arbeid for eit vasskraftverk. Deretter gjekk turen tilbake til Noreg, men kort tid seinare sette paret kurs mot Malaysia.