Rom for å tenke nytt
I Hywer er ingen prosjekt like. Vi jobbar med alt frå enkeltleveransar av vassvegsutstyr og rehabiliteringsoppdrag til totalansvar for større og meir komplekse prosjekt. Dette gir eit hav av moglegheiter for å tenke nytt og vere kreativ. Vi tør å tenke utanfor boksen for å finne dei beste og mest kostnadseffektive løysingane, for kundane våre og naturen rundt oss. Er du engasjert og komfortabel med å utfordre etablerte måtar å jobbe på, vil du passe godt inn hos oss.
Breidde
Å byggje eit vasskraftverk består av fleire fasar. Først vert prosjektet utvikla og designa for å vareta omsynet til miljø, naturressursar og lokalsamfunn. Alle delar og komponentar skal bereknast før dei vert teikna, produserte og leverte til anlegget. Deretter begynner byggjefasen der alle delar og komponentar skal settast saman til eit system som kan køyrast i gang for å produsere fornybar energi. Hywer leiar og støttar alle fasane av prosjektet. Det gir ei unik breidde og ein unik kompetanse på tvers av fagfelt, der avgjerdsvegen er kort undervegs i prosessen. Vi treng difor deg med teoretisk tilnærming, deg med praktisk tilnærming og deg som evnar å sjå begge delar i ein heilskap.