Gjennom prosjekta våre har vi erfart kor viktig det er å ha folk i eigen organisasjon som kan planlegge, prosjektere og løyse utfordringar når dei oppstår. Vi skjønner viktigheita av å prosjektere til riktig kvalitet og veit godt at nokre prosjekt berre har lønnsemd til å ha det som er godt nok, og at andre prosjekt bør ha det som gjer det ekstra drift- og vedlikehaldsvennleg.
I Hywer er det tett samarbeid og læring på tvers av fag og område. Gjennom prosjektleiarar og montørar får ingeniørane våre direkte tilbakemelding på løysingar som er gode, og beskjed om utfordringar som oppstår under bygging, drift og vedlikehald.
Hywer har ei eiga prosjekteringsavdeling med særleg tyngde på bygg- og maskinteknikk. Mellom anna lagar Hywer alle teikningar og berekningar for vassvegar, detaljplanar og tekniske planar og konsesjonar til NVE, arealbrukskart og illustrasjonar, mekaniske berekningar og produksjonsteikningar, byggtekniske berekningar og arbeidsteikningar, strømningsvurderingar, falltapsberekningar, trykkstøtsberekningar og mykje anna. Med eigne fagansvarlege med NVE-godkjenning kan vi levere det meste av prosjekteringstenester inn mot prosjekta våre.