Referanser

Eikemo kraftverk

Eikemo kraftverk vart bygd på rekordtid, med ei byggjetid på berre i overkant av eitt år etter at spaden vart sett i jorda i desember 2021. Vassvegen består av ei bora og fora sjakt på rundt 1000 m, fulgt av ca. 200 m PE-rør på fjellet mot eit veglaust inntak. Prosjektet har to sideinntak som vert overførte direkte til hovudinntaket.

Hausten 2021 kom Hywer i kontakt med BKK (no Eviny) om prosjektet Eikemo kraftverk, der konsesjonsfristen for utbyggingsstart var 19. desember 2021. Hywer tok på seg ansvaret for å utarbeide forprosjektet, og ein detaljplan for miljø og landskap vart send inn i september og godkjent i november. Konsesjonen vart overført til Småkraft AS, og etter ei rask kontrahering vart det oppstart på byggjeplassen i desember med Hywer som byggherre og totalentreprenør. Eitt år seinare var vassvegen trykksett og kraftverket klart til testing.

For å kunne gjennomføre prosjektet med god kvalitet og komprimert gjennomføringstid vart det nytta lokale entreprenørar som legg vekt på samarbeid og god kvalitet. MK Myklebust gjennomførte grunnarbeidet ved kraftstasjonen og på det veglause inntaket, og HAFS Betongbygg hadde ansvar for alle betongarbeid. Sjakta vart bora av Norhard AS og fora med stålrør ved hjelp av Hywer sin foringsrigg.

Hovudinntaket er ein standard, dykka konus med rist, og inntaket har ein dam med ei reguleringshøgde på 2 m. Dei to sideinntaka består av Tyrolerrist, med overføring til hovudinntaket i PE-rør. Hywer har hatt fagansvar for vassvegen og dei mekaniske komponentane, medan Norconsult har prosjektert inntakskonstruksjonane.

Det har vore eit stort miljøfokus under utbygginga. Utløpet frå kraftstasjonen går i elva Ekso, som er ei viktig lakseelv som må kalkast for å få rett pH-verdi. Hywer har difor hatt tett dialog med Statsforvaltaren for å få til ei god løysing som ikkje bidreg til forsuring av vassdraget. Det er installert ein pH-målar i avløpskanalen til kraftstasjonen, som kommuniserer med kalkingsanlegget oppstrøms av kraftverket for å sikre rett dosering. Hywer har òg laga ein klimagassrekneskap for kraftverket i ettertid, for å lære meir om kor stort karbonavtrykk dei ulike delane av utbygginga har hatt.

Hovudinntaket sett frå sideinntak

Betong og alt anna av materialer måtte flygast med helikopter opp til det veglause riggområdet ved hovudinntaket.