Maudal kraftverk er eigd av Lyse Kraft, med Hydro Energi som operatør. Kraftverket vart opna i 1930 og var modent for rehabilitering etter å ha nådd si tekniske levetid. Kunden vedtok difor våren 2022 å erstatte det gamle kraftverket med to nye kraftstasjonar, Maudal Øvre og Maudal Nedre. Dei to ny kraftverka har til saman lik fallhøgde og likt nedbørsfelt som det gamle kraftverket og har totalt ein årsproduksjon på 100 GWh.
Hywer vart i 2021 kontrahert av Hydro Energi som leverandør av mekaniske løysingar til vassvegen. Dette inkluderte eit nytt arrangement i det gamle ventilkammeret med ny rørbrotsventil og tilhøyrande system og dessutan bukserør for å forsyne Øvre Maudal med vatn frå den eksisterande rørgata.