Aktuelt

Treffsikker pilotboring i Sunndal

Treffsikker pilotboring i Sunndal

I Sunndal er Hywer i gang med å bygge Somrungen kraftverk for kunden vår, Småkraft AS. Vassvegen består av eit retningsstyrt borehol på 900 meter, med ein diameter på 700 millimeter, bora med vår Herrenknecht AG 250t HDD-rigg. Etter ein presis pilotboring før sommaren, utvida vi holet til rett diameter på berre 11 dagar ved hjelp av ei eigenutvikla borekrone. No startar vi stålforinga av holet med vår Prime Drilling GmbH foringsrigg, før resten av kraftverket vert ferdigstilt.