Som hovudregel er det utfordrande å realisere ny fornybar energi i Norge i dag. Det er ofte marginale og komplekse prosjekt der det krevst erfaring og kunnskap på tvers av verdikjede og fag for å finne dei rette løysingane. Dei rette løysingane er både kvalitetsmessig, inngrepsmessig og økonomisk berekraftige – og for å få til det trengs innovasjon og skaparkraft.
I skaparkraft legg vi ei eigen evne til å krumme ryggen – strekke oss langt – for å finne dei rette løysingane som gjer at vi får realisert prosjekta. Vi veit kva som er rett løysing – ikkje berre på kort sikt, men òg på lengre sikt.
Gjennom 80 kraftverk er det bygd opp ein solid base av erfaring som vert nytta i ein lettbeint organisasjon med detaljkunnskap frå den minste bolten til samvirke av krefter i komplekse system.
Med vårt etablerte kvalitetssystem, sertifisert etter ISO 9001, sørger vi for at vi tar vare på og utviklar kompetansen og løysingane og stadig etablerer nye rutinar på beste praksis.