TENESTER
Boring og foring
Hywer tilbyr spesialiserte løysingar for etablering av vassvegar i fjell. Når konvensjonell tunneldriving ikkje er den optimale løysinga, kan bruk av tunnelboremaskin (TBM) vere eit effektivt og kostnadsmessig fordelaktig alternativ. Hywer tilbyr tenester med eigen tunnelboremaskin (TBM) og disponerer skyverigg for installasjon av stålrøyr i fjell. Dette gjer oss i stand til å gjennomføre krevjande prosjekt på ein sikker og effektiv måte.
For kraftanlegg der det er nødvendig å etablere vassveg i fjell, må løysinga tilpassast både terreng, geologi og prosjektkrav. Faktorar som stigning, tunnellengde, tverrsnittsbehov, massehandtering, myndigheitskrav, kostnader og klimaavtrykk spelar alle inn i val av metode.
Hywer har spesialisert kompetanse innan TBM-basert tunnelbygging og leverer moderne løysingar for etablering av vassvegar i fjell. Gjennom høg presisjon, effektiv framdrift og optimal ressursutnytting kan vi tilby løysingar som er tilpassa dei tekniske og miljømessige krava i kvart prosjekt.
Tunnelboremaskin (TBM) for hardt og stabilt fjell
Hywer sin tunnelboremaskin, Snøhvit, er levert av Robbins og er ein open grippermaskin med 20 17’’ cuttarar og ein diameter på 2,8 m. Ein open TBM er svært godt eigna til å bore i hardt og stabilt fjell, slik det ofte er i Norge.
Maskinen har eit sett med gripparar som spenner seg fast i fjellet ved boring, og sylindrar skyv maskinen framover. Ved eventuelle ustabile parti i fjellet er det gode moglegheiter for å kunne sikre like bak stuff under eit «finger shield» som gir god sikkerheit for arbeidarane.
For å effektivisere massetransporten i tunnelen har Snøhvit eit transportband i taket på tunnelen. Dette fører massane bort frå cutterhovudet og heilt ut av tunnelen, der det er lettare tilgjengeleg for bortkøyring av masser. I praksis betyr dette òg at TBM-en kan bore så lange tunnelar som helst, då det gjerne er massetransport i tunnel som er dimensjonerande.
Med eit transportband er ein heller ikkje avgrensa av hellinga i tunnelen, då myndigheitskravet om doble sett med gripparar berre gjeld ved stigningar over 25 prosent. Snøhvit har hittil bora tunnelar med helling på 16 prosent utan problem med stigninga.
TBM-en går på elektrisitet, som gjer at han er et svært godt eigna på prosjekt der minimering av klimagassutslepp er viktig. Riggen vert bemanna og drifta av ein ekstern samarbeidspartnar som har kompetanse på driving med TBM.
Foring med stålrør
Med ein skreddarsydd PPP380-skyverigg frå Prime Drilling har Hywer òg moglegheit til å fore borehol/tunnelar med stålrør. Dette kan vere heilforing av borehol/tunnelar, der heile lengda av boreholet/tunnelen vert fora med stålrør, eller det kan vere delforing med stålrør fram til plassering av betongpropp.
Stålrøra vert sveisa på anlegg og skyvd inn etter kvart som dei er sveiste. Det er utvikla løysingar for sveising av stålrør på anlegg saman med dedikerte sveisarar for å sikre god kontinuitet, kvalitet og framdrift i arbeidet, samtidig som ein legg til rette for gode arbeidsforhold og trygt arbeid.
Skyveriggen har ein kapasitet på 380 tonn skyvekraft slik han er sett opp i dag, men er tilpassa for oppgradering til større kapasitetar ved behov. Han kan skyve rør med diameter frå 508–1219 mm, men Hywer har òg utvikla ein metode som tek større rørdiametrar, som er brukt på fleire prosjekt. Hywer har per utgangen av 2025 fora over 10000 meter med stålrør inn i fjellet.