TENESTER

Montasje

Hywer har lang erfaring frå drift og vedlikehald av kraftverk og tilbyr eit bredt spekter av tenester. Vi bistår uansett om kunden berre ønskjer jamlege inspeksjonar og vedlikehald av kraftverket, eller om dei i tillegg ønskjer drift og overvaking av produksjonen. Vi utfører òg montasjearbeid på inntak, i vassvegar og ved kraftstasjonen og har eit stort nettverk av kompetente servicefolk over heile landet, i tillegg til eigne tilsette.

Montasje

Hywer tilbyr mekanisk montasje for nye installasjonar, rehabilitering, oppgradering og vedlikehald. Med brei fagkompetanse og lang erfaring frå vannkraftanlegg kan vi ta ansvar for både enkeltoppdrag og større montasjeprosjekt.

Våre fagfolk har kompetanse innan montasje av stålkonstruksjonar, luker, ventilar, hydraulikksystem, turbinar, kjølesystem og aktuatorar. Vi utfører òg oppkopling, innstilling, testing og feilsøking av mekaniske, hydrauliske og elektriske komponentar.

Vi legg vekt på god planlegging, nøyaktig utføring og tett samarbeid med kunden. Ved å kombinere praktisk erfaring med teknisk kompetanse sikrar vi ei effektiv og kvalitetssikra gjennomføring – frå første komponent til ferdig og funksjonstesta anlegg.

Hywer kan bidra i alle fasar av montasjearbeidet, anten som komplett montasjepart eller som ein fleksibel ressurs når kunden har behov for ekstra kompetanse og kapasitet.

Vedlikehald

Hywer Montasje utfører vedlikehald og service på industri- og energianlegg. Vi tilbyr inspeksjon, reparasjon, utskifting av komponentar og førebyggjande vedlikehald for å sikre trygg og stabil drift. Med erfarne fagfolk leverer vi effektive løysingar som reduserer nedetid og forlenger levetida på anlegga.

Kompetanse og utstyr

Montasjeavdelinga i Hywer har brei fagkompetanse innan mekanisk montasje, vedlikehald og installasjon på industri- og energianlegg. Avdelinga disponerer moderne utstyr, spesialverktøy og løfteutstyr som gjer oss i stand til å gjennomføre oppdrag sikkert og effektivt. Våre erfarne montørar leverer kvalitet i alle fasar av arbeidet, frå planlegging til ferdig utført oppdrag.

  • Hydraulikktilhenger utstyrt med Walform maskin
  • Sertifisert løfteutstyr
  • Sertifisert transportabel kran
  • ATV, 6-hjul med belter
  • Hi-Torque trekkeverktøy
  • Filtervogn med partikkelteller for filtrering av hydraulikk- og smøreolje væsker

Kontakt oss

Kontakt oss ved spørsmål om vedlikehald.