Berekraft

Hywer skal vere leiande på berekraftige løysingar for vasskraftbransjen. Vi forpliktar oss samtidig til å bidra til ei berekraftig samfunnsutvikling og redusere miljøpåverknaden frå våre aktivitetar. Målet vårt er å ta vare på miljøet og menneska, samtidig som vi skaper verdi, vekst og innovasjon. Dette gjer vi gjennom å skape gode løysingar saman med kundane våre.

Berekraftsmål

I Hywer har vi slutta oss til FNs berekraftsmål og har identifisert fem viktige mål som vi kan påverke gjennom arbeidet vårt:

  • Rein energi til alle: Vi skal bidra til å auke andelen fornybar energi ved å levere varer, tenester og nøkkelferdige vasskraftverk til energibransjen.
  • Anstendig arbeid og økonomisk vekst: Vi skal fremme varig og berekraftig økonomisk vekst og skal sikre trygge, inkluderande, ikkje-diskriminerande og rettferdige arbeidsforhold.
  • Ansvarleg forbruk og produksjon: Vi skal sette krav til eigen produksjon og våre underleverandørar for å minimere den totale verknaden som produkt har på miljøet, og for å sikre sporbarheit og kvalitet på produktdokumentasjon.
  • Stoppe klimaendringane: Vi skal jobbe med tiltak og levere løysingar som bidreg til å motverke klimaendringar og redusere konsekvensane av dei
  • Livet på land: Vi skal legge vekt på berekraftig bruk av økosystem og habitat på land gjennom innovative og skånsame løysingar som varetek omsynet til naturen.

Optimalisering av lysingar i prosjekt

Vi i Hywer meiner at vår aller største påverknadskraft på måla over er gjennom optimalisering av løysingar i prosjekt. I prosjektets utviklingsfase presenterer vi i samråd med kunden tekniske løysingsforslag med opsjonar for å redusere klimagassutslepp. Opsjonane vert lagt fram saman med eventuelle konsekvensar for kostnad, framdrift og kvalitet. Dømer på opsjonar som kan redusere klimagassutslepp er:

  • Alternative trasear for å unngå karbonrike myrområder
  • Auke i røyrkvalitet for å kunne nytte lokale omfyllingsmassar
  • Fullprofilboring av sjakt istadenfor konvensjonell tunelldriving
  • Reduksjon inngrepsgrenser
  • Alternative inntakskonstruksjoner for å redusere mengde betong og armering
  • Tidleg nettilknytning for å kunne nytte byggestraum

Vi nyttar eigne verktøy for å kunne berekne og samanlikne klimagassutslepp for ulike løysingar, som og tek omsyn til midlertidig og permanent arealbruk. Val av opsjonar vert tatt saman med kunde gjennom ein heilskapsvurdering av prosjektet.

Klimagassrekneskap

Gjennom byggefasen registrerer vi dei viktigaste innsatsfaktorane for klimagassutslepp i prosjektet, slik som drivstofforbruk, antal kg stål, betongvolum og arealbruksendringar. Vi følger og opp miljøvilkår, risiko for tredjeperson samt HMS gjennom eigne tiltaksplanar og prosjektspesifikke vernerundar. Ved prosjektslutt vert dei registrerte innsatsfaktorane nytta for å lage eit grovt klimagassrekneskap for prosjektet. Vi kan og rapportere direkte i kundens eigne verktøy for klimagassrekneskap.

For enkeltleveranser kan vi levere både klimarekneskap og EPDar, avhengig av kompleksiteten til leveransen. Hywer har eit verdsomspennande nettverk av leverandørar, og kan tilby alternative produkt som er produsert nærast muleg leveransestad, med miljøvennleg transport og montert av lokale montørar. Alle Hywer sine leverandørar er risikovurdert med tanke på berekraft, og må signere leverandørerklæring der dei blant anna forpliktar seg til å levere miljødokumentasjon og etterleve lover og regler. Vi gjennomfører aktsomheitsvurderingar etter openheitslova, og samarbeider tett med Saint-Gobain sine salskontor for å følge opp leverandørar.

Hywer er miljøsertifisert gjennom ISO 9001, og følger og konsernets strenge krav til miljørapportering og utsleppsreduksjon.

Openheitslova

Her kan du lese om prosessane våre for å overhalde Openheitslova.

Bærekraftsrapport

Bærekraftsrapport Saint-Gobain Distribution Norway 2023

Kontakt oss

Rune Skjevdal

Dagleg Leiar

97 02 20 14
rune.skjevdal@hywer.no

Marie Stølen

ESG-ansvarleg / Head of ESG, Sivilingeniør

98 22 46 31
marie.stolen@hywer.no